Vi gratulerer jubilanten med dei første 20 åra!

Anette Trettebergstuen, kultur- og likestillingsminister
Tonje Brenna, kunnskapsminister

Å SATSE PÅ KUNST OG KULTUR til barn og unge er noko av det viktigaste vi kan gjere. Det er ei investering i gode lokale oppvekstmiljø for barn og unge, og det bidreg til danninga deira. Kultur gjer oss nysgjerrige og vekker fantasien hos den enkelte. Den kulturelle skulesekken gir barn og unge høve til få oppleve og ta del i kreativitet, sansing, forundring og glede.

Regjeringa vil at alle barn og unge skal ha tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er og kor dei bur. Derfor vil vi gjennomføre eit nytt kulturløft som skal komme heile landet til gode, og vi vil styrke Den kulturelle skulesekken. Vi vil at barn og unge skal få oppleve kunst og kultur som er laga for dei, som er relevant, inspirerande, og som gir opplevingar for livet. Kunst og kultur for barn og unge skal ta opp spørsmål som barn og unge er opptekne av, og som dei kan kjenne seg igjen i.

Vi er stolte over at vi no kan markere at DKS har eksistert som ei nasjonal ordning i 20 år. Skulen er ein arena der alle barn og unge kan få lik moglegheit til å oppleve profesjonell kunst og kultur. I tillegg veit vi at fleire kommunar også har tilbod til barnehagebarn. DKS bidreg til å sikre at alle elevar i heile det langstrekte landet vårt får gjere seg kjende med og utvikle forståing for eit variert spekter av kunst- og kulturuttrykk. Ordninga bidreg til å realisere skulens breie formål, med eit oppdrag for både danning og utdanning. I møtet mellom den profesjonelle kunsten og elevane i skulen kan magi oppstå, dersom vi er gode til å anerkjenne kvarandre og spele på lag.

,,

Barn og unge fortener eit kunst- og kulturtilbod som er av like høg kvalitet som vi vaksne får. Den kulturelle skulesekken er ei unik ordning som bidreg til at vi kan nå målet om å gi alle eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod.

Barn og unge fortener eit kunst- og kulturtilbod som er av like høg kvalitet som vi vaksne får. Den kulturelle skulesekken er ei unik ordning som bidreg til at vi kan nå målet om å gi alle eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Omfanget og breidda av tilbod i DKS er imponerande! I 2019 fekk barn og unge til saman over 2,5 millionar kunst- og kulturmøte med opplevingar, refleksjon og læring. Bak alle disse møta stod meir enn 4000 kunstnarar og kulturformidlarar.

Det er viktig at kunst- og kulturtilbodet til barn og unge speglar det mangfaldet dei lever i, og at dei opplever tilbodet som relevant. For å få til det må vi involvere barn og unge, vere i dialog med dei og la dei medverke. Det dreier seg rett og slett om å kjenne barn og unge si verkelegheit, kva som angår dei, og kva dei er opptekne av.

For at den Den kulturelle skulesekken skal fungere til det beste for barn og unge, må vi fortsette å samarbeide godt på tvers av kultursektoren og utdanningssektoren både på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå. Berre på den måten kan DKS fortsette å vere eit unikt kunst- og kulturtilbod for alle elevane i landet.

Det er mange som fortener ros, og som kan vere stolte over den innsatsen som er lagd ned. Vi gratulerer jubilanten med dei første 20 åra og ser fram til å følgje den vidare utviklinga!

I 2021 ER DET 20 ÅR siden Den kulturelle skolesekken (DKS) ble en nasjonal ordning. Derfor har vi invitert en rekke bidragsytere til å dele sine erfaringer, refleksjoner og historier om verdens beste ordning for kunst- og kulturformidling til barn og ungdom.