Historia om ein visningsfestival
– Kulturtorget i Møre og Romsdal

Lene Elisabeth Torgersen Mordal, rådgivar kulturavdelinga – seksjon for kunst- og kulturformidling, Møre og Romsdal fylkeskommune.

«Folkens! Klokka 22:30 træng æ 4 persona som kan læmp når lastebilen kjem frå Oslo. Kem kan bli me’?»

SLIK VAR «ORDREN» FRÅ KOLLEGA og organisator Rolf Orø ein kald januarkveld ein gong rundt 2004. Vi var godt i gang med Kulturtorget, prinsippet om «less is more» var ikkje oppfunne, og som arrangørar var Seksjon for kulturformidling ved kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune klare til å levere fullskala produksjonar i tre dagar til vårt kjære publikum.

Det årlege Kulturtorget sitt formål var å vere ein arena der kommunane og skulane fekk sjå og lytte til aktuelle produksjonar innanfor scenekunst, visuell kunst, litteratur, film, kulturarv og musikk. Når dei kom heim igjen, skulle dei fortelje til kollegaene og vere budde på kva som kunne kome av kulturopplevingar og kulturtilbod til deira skule neste skuleår.

Sjølvsagt stilte vi og lempa midt på natta. Vi såg at arbeidet gav resultat. At vi blei slitne etterpå høyrer også med til historia. Slitne – og lukkelege! Det hadde gått bra; publikum var nøgde, utøvarane hadde blitt tekne godt hand om og vi var nøgde med oss sjølv også.

Møre og Romsdal fylkeskommune var ein av dei første i landet som utvikla ei formidlingsordning for skulen. Etter modell frå Rikskonsertane si skulekonsertordning inkluderte Kulturnista – seinare Den kulturelle skulesekken – fleire kunstuttrykk. I 1996 blei det for første gong arrangert eit Kulturtorg, og namnet var ikkje tilfeldig: eit torg der dei besøkande følgde programmet for «si» målgruppe og etterpå sende ei prioritert liste med ønskeproduksjonar for det neste skuleåret. Det var viktig å forankre arbeidet hos brukarane, og ein årleg visningsarena såg vi som heilt naturleg i eit kompetanseperspektiv.

Vi ville vise turnéaktuelle, handplukka profesjonelle produksjonar innanfor så mange uttrykk som mogleg, og i full speletid. Den eigenaktive eleven var også sentral i Kulturnista. Difor sørgde ein for å også ha mange turnéar med verkstader som både regionale aktørar og eksterne instruktørar stod for. Fleire av verkstadene blei presenterte på Kulturtorget saman med elevar som hadde arbeidd i eit par dagar på skolen sin. Då måtte vi ha pizza backstage!

Hovudpublikummet vårt var alltid lærarane. Som nøkkelpersonar var og er dei den viktigaste sikringa for at DKS skal nå sluttbrukaren på ein god måte. Dei første åra var kvar skule representert med minst éin lærar, og ofte ønskte også kontaktpersonen i kommunen å vere med. Tenk å kunne vere 2–3 dagar på hotell saman med likesinna og boltre seg i kulturopplevingar! Og kven er ikkje meir spesialisert på elevperspektivet enn lærarane! Kunst- og kulturinstitusjonane våre, representantar frå kulturskulane, skulesjefar, politikarar og DKS-nettverket frå andre fylke og det nasjonale nettverket fylte også salane. På det meste var rundt 600 personar innom Kulturtorget. Visning av 40 fullskala-produksjonar var ikkje uvanleg.

Kulturtorget i Møre og Romsdal blei dei første åra arrangert på ulike stader i fylket, men frå tidleg på 2000-talet blei torget fast arrangert i Molde. Fleire lokale i byen blei også brukte fordi vi hadde parallelle program: Medan målgruppa 1.–4. trinn følgde éi «løype», hadde 5.–7. -målgruppa visningar ein annan stad. Samstundes rigga ein større sceneproduksjon opp i eit tredje lokale, slik at publikummet for 8.–10. kunne spasere dit når dei var ferdige med si visning ein fjerde plass … Sa du festival?

,,

Hovudpublikummet vårt var alltid lærarane. Som nøkkelpersonar var og er dei den viktigaste sikringa for at DKS skal nå sluttbrukaren på ein god måte.

I 2003 var Molde Stadion og Rica Seilet hotell med Bjørnsonhuset nytt. Kulturavdelinga reserverte heile hotellet med alle rom, scener og møtelokale, og i tillegg blei Teatret Vårt og restauranten og kafeen på Molde stadion brukte. Det kom for første gong kvar si busslast frå Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag. Januardagane bydde på storm, og visningane i lavvoane på uteområdet måtte riggast ned, elles tok vinden dei! Deltakarar som overnatta på Seilet, kunne fortelje at dei vakna om natta av at heile bygget nærmast svaia i stormen. Det var eit yrande torg, med aktivitetar til langt på kveld. Nytt av året var «Klangfugl – kunst for de minste», som ein forløpar for barnehagetilbodet i fylket. Det var også det året at kokkelinja frå Rauma vidaregåande skule serverte «Mat frå heile verda» under festmiddagen – det var vellukka! Seint på kveld rydda vi salen for å gjere han klar til visning neste morgon.

Frå 2009 leverte fylket DKS for barnehage, heilt frå null år, og klart dei også måtte få eit skreddarsydd program på Kulturtorget! I 2013 var Kulturtorget utvida med ein dag fordi vi samarbeidde med Rikskonsertane sitt barnehageprosjekt «Undring». Barnehageproduksjonane fekk dei minste til å sitte heilt i ro medan dei levde seg inn i ei drøymeverd. Det var rørande å sjå små barn og deira vaksne trille inn på det nye Kulturhuset «Plassen» i Molde. Logistikken var krevjande for alle, vi måtte jo hugse på sovinga då vi fastsette programmet! Både vidaregåande skole og barnehage var målgrupper på Kulturtorget i mange år, og dei siste åra har vidaregåande hatt ein eigen dag.

Teknikarane! Dei blei våre vener undervegs. Dei skrudde og rigga, roa oss ned, var oppe om natta når det trongst, og løyste det vi ikkje hadde tenkt på, eller som skar seg.

Ein ting var vi litt redde for: Kva om chiefen vår blei sett ut av spel? Kvar var kodebrikka til hovudet hans/hennar, slik at vi kunne lese av kva som skulle bli gjort? For det mangla ikkje Excel-ark og lister der «alt» stod, men likevel hadde denne personen ei så sentral rolle i arrangementet at dette ikkje måtte skje! Ei kortvarig utflating etterpå var både forståeleg og naudsynt.

Kulturtorget i Molde var kjempesvært. Ressursane som gjekk med, var store. Vi er ein gjeng på 6–7 personar, og dette var vårt fellesprosjekt, nettverket gledde seg, og vi jobba på frå seinhaustes og ut januar. Dei siste åra opplevde vi ei endring i kommunale og fylkeskommunale prioriteringar. Påmeldinga hadde ein nedgang, og oppgåvekrava i forvaltninga av kulturen påverka ressursbruken.

Det siste Kulturtorget etter gamal «mal» var i 2018, og det årlege samlingspunktet for nettverket tok ei anna form. Kompetansehevingsarenaen som før hadde visningar i fokus, har no blitt til ein konferanse som skal samle nettverket om kunnskap kring skole og kultur, utviklingsprosjekt for DKS, dei gode eksempla og sjølvsagt også programpostar med levande kulturproduksjonar for barn og unge.

Forankringa i skulen og medverknaden er like viktig som før; dei er suksessfaktorar for å lukkast med ordninga. Det er viktig at skulen er orientert om kva som kjem, og kva ansvar dei har for å få maksimal verdi av eit DKS-besøk.

Ved å vere «festivalarrangørar» fekk vi byråkratar ein smak av å vere i manesjen. Vi fekk kjenne lukta av sagmugg og ei forståing av kva som krevst av ei gjennomføring på ein skule. Det er verdifullt å vere «i» dette, og det er veldig viktig å møte skulane, elevane, kunstnarane der det skjer! Det har vi heldigvis moglegheit til framleis – og kan hende er det undervurdert å vitje DKS der dei er – ute i skulane, med målgruppa alltid til stades – heile skuleåret. Denne moglegheita må alle som arbeider med kunst og kultur for barn og unge, nytte!

Toppbilde: Valkyrien Allstars, Kulturtorget Molde, 2014. Foto: Ingvild Dverseth Sæter

I 2021 ER DET 20 ÅR siden Den kulturelle skolesekken (DKS) ble en nasjonal ordning. Derfor har vi invitert en rekke bidragsytere til å dele sine erfaringer, refleksjoner og historier om verdens beste ordning for kunst- og kulturformidling til barn og ungdom.