Å finne andre ved å finne seg sjølv

Tekst: Trine Ruud Grønningen, kommunikasjonsrådgiver i Kulturtanken

Eit språk som er strengt og samlande, utfordrande og banebrytande; nynorsk rommar mykje og er eit viktig satsingsområde i Den kulturelle skulesekken. Men kan du bli både kompis og fiende med Ivar Aasen?

Det er open scene på Seanse, senteret for kunstproduksjon i Volda. Kunstnarane som deltek i satsinga Meir nynorsk i DKS 2021 har fått eit vekelangt kunstnaropphald her for å utvikle prosjektideane sine. Denne kvelden går dei frå rom til rom for å oppleve og kommentere på produksjonane til kvarandre.

Heilt på tampen av kvelden kjem dei til eit lite, mørkt scenerom. Det er fylt med eigarlause klede; nokre ligg slengde på golvet, andre heng i liner frå taket. Det blir spelt høg, suggerande musikk, og lysdesignet knitrar og pulserer i takt med dansarane på scena. Dei dansar først åleine, isolerte. Plutseleg vender dei seg til publikum og tvingar fram brotstykke av ord og setningar. Dei byrjar å leite seg fram til kvarandre, etter kvart blir setningane lengre og tydelegare. Poetiske tankerekkjer på nynorsk filosoferer rundt identitet, einsemd og fellesskap. Dansarane byrjar å respondere på kvarandre; først med motstand og til slutt med rein glede.

Korleis hamna dei her? Og kva har nynorsk med hiphop å gjere?

Kampen for ein plass i samfunnet

Regissør, koreograf, dansar og skodespelar Belinda Braza har alltid hatt eit ambivalent forhold til det som vart kalla sidemål då ho gjekk på grunnskulen.
– Eg voks opp på 80-talet, då det berre var bokmål me høyrde på TV og radio. Me leika til og med på austlandsdialekt, seier bergensaren.

Ho valde vekk nynorsken til fordel for morsmål. Det vart engelsk, «filippinsk var jo ikkje eit alternativ eingong», ler ho tørt.

Belinda Braza. Foto: Oda Aunan

 ungdomsåra oppdaga ho hiphop. Det trefte noko i henne. Danse- og musikkforma var revolusjonerande og kompromisslaus, ei kraftig plattform smelta saman av tradisjonane og rytmane til unge menneske frå fleire ulike kulturar, i opposisjon og som reaksjon på noko.

Interessa har leidd til ein lang og imponerande karriere både på og bak scena. Hausten 2021 tek ho over som kunstnarleg leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen, der dei jobbar med teater spesielt retta mot barn og unge. Det er òg ein møtestad mellom nynorsk og ny norsk. Belinda kan no kjenne igjen mange av eigenskapane til hiphop i nynorsken si eiga historie; kampen for ein plass i samfunnet.
– Ivar Aasen var skikkeleg hiphop, jo! Han drog rundt og samla litt her og der for å skape noko heilt nytt som ein heilt konkret reaksjon på at språket på den tida hadde vorte meir og meir dansk, og med eit mål om å danne eit eige norskspråk. Ein ny felles nasjonal identitet. NY norsk, poengterer ho.

Koplinga mellom språk og dans kan kanskje ikkje seiast å vere innlysande for dei fleste. Med Meir nynorsk i DKS dukka moglegheita likevel opp for å løfte likskapane.

Det var heller ikkje ei ulempe å ha ein nær og langvarig samarbeidspartnar med på laget, som i tillegg er sjølverklært språknerd. Medkoreograf Charlotte Korrell beskriv nynorsk som «utruleg vakkert».

– Eg voks opp på Grønland i Oslo, der det ikkje var så mange dialektar, men til gjengjeld veldig mange ulike språk og mykje slang, noko eg syntest var veldig interessant. Så nynorsk vart for meg eit ekstra språk som eg syntest var spennande å lære.

Saman søkte dei på ordninga og samla troppane. Fire unge dansetalent er med: Albertine Lundgren, Reno Andersen, Sophie Speight og Albin Lindén. Komponist Peter Baden er ansvarleg for lydbildet, medan Eirik Brenne Torsethaugen står for lysdesignet. Slampoet Oda Aunan har skrive teksten.

– Søknadsutlysinga opna for ein god samtale om både språk og kunst. Me innsåg kor mykje bra materiale det er her! Seier Charlotte med smittande entusiasme.

– Me ønskte å få til ein refleksjon rundt det som kunne utfordre ungdommar på haldningane deira til nynorsk – samtidig som me utfordrar oss sjølve òg.

Stående fra venstre: Oda Aunan, Reno Andersen, Petter Baden, Eirik Brenne Torsethaugen, Charlotte Korrell, Belinda Braza. Sittende fra venstre: Albertine Lundgren, Sophie Speight, Albin Bengt Lindén. Foto: Oda Aunan

Universale språk

Det er ein varm og leiken tone i gruppa. Dei fleste har jobba saman tidlegare i ulike konstellasjonar, og samarbeider om produksjonsutviklinga frå start til slutt. Alle dansarane er fødde og oppvaksne i spennet mellom to kulturar, og det er dei personlege opplevingane deira som inspirerer tekstane og sjølve kjernen i framsyninga: Kva vil det eigentleg seie å vere mangfaldig, å leve i friksjonen, og kva er det som gjer at ein er den ein er?

– Det kulturspennet gjer at du på ein måte ikkje kan velje å vere éin ting eller ein annan ting, og at du kan bruke heile livet på å prøve å vere det eine eller det andre etter kva situasjon du er i, seier Belinda.

– Mangfald er ikkje berre fleirkulturalitet, det er òg så mykje meir, seier dansar Albertine Lundgren.
– Personleg har eg kjent på det med at eg ikkje er afrikansk nok og ikkje norsk nok. Eg ligg heile tida ein stad i midten.

Reno Andersen dansar òg i produksjonen, og kjenner seg igjen.
– Eg kan kjenne meg norsk, men likevel bli fortalt at eg ikkje er det. Ikkje heilt. Det er det som er fint med dansemiljøet. Der er me så mangt, liksom.
– Kvifor det, trur du? Spør Charlotte.
– Viss det finst nokre få universale språk, så er dei innanfor musikk, song og dans, forklarer Reno.
– Du treng ikkje snakke same språk, fordi rørsle er så universalt. Alle bevegar seg jo. Ein kan bevege seg saman, og då er ein plutseleg like. Det er litt ulike dialektar i dans òg, men framleis same språk.

Å respektere og samtidig bryte reglar

– Kvifor er det så vanskeleg for mange ungdommar å relatere til nynorsk? Akkurat det har me snakka mykje om, korleis språket blir presentert på skulen, seier Belinda.

– Det regelbundne er ikkje intuitivt, seier Peter Baden.
– Når du set rammer, så er jo det første eit barn gjer, å teste dei grensene.

Musikaren meiner at å utfordre reglar kan vere nødvendig for å få eit godt forhold til det ein skal lære, same kva det er.

– Det tok meg til dømes lang tid før eg torde å komponere noko for eit symfoniorkester, fordi alt eg hadde høyrt gjennom utdanninga, var kor vanskeleg det er. Du kan ikkje berre ta det du føler på, inn i musikken. Heilt til eg fekk ein lærar som bad meg drite i alle dei reglane og berre skrive.

Rett skal likevel vere rett, og prosjektet Meir nynorsk i DKS set det nynorske språket i høgsetet: Gjennom fleire rettleiingar frå Nynorsksenteret, både på og utanfor kunstnaropphaldet på Seanse, får utøvarane hjelp med å gjere språket så godt og korrekt som mogleg.

Belinda har stor respekt for at eit språk som har stått svakt politisk, vektlegg å bli teke seriøst.
– Nynorsk har måtta kjempe sin veg frå å bli kalla sidemål. Eg forstår veldig godt at ein kjempar for at språket skal ha likeverdig status og anerkjenning som bokmål. Ein har jo ikkje lyst til å bli kalla sidenorsk. Eg er norsk! Bryt ho ut.

– Samtidig blir ein bunden fast viss ein berre skal lære reglar først. Då blir det ikkje noko rom igjen for å vere seg sjølv. Og ungdommar har allereie så mange reglar i kvardagen. Eg trur at ein må finne ein veg inn der ein kjenner ein fridom og ei tilknyting til språket. Og der trur eg noko av nøkkelen ligg i å snakke om opphavet. Kvifor dette språket vart danna for å skape den språklege fridommen, fellesskap og identitet, gjennom kamp, motstand, og ikkje minst gjennom å prøve å inkludere så mange dialektar som mogleg. Det er jo der unge menneske kanskje kjenner seg mest igjen. I det å leite, blant mange delar i eigen identitet, for å finne si eiga plattform og stemme.

Belinda håpar gruppa i like stor grad kan inspirere lærarane som elevane når dei er ute på turné.
– Eg vil gi dei ei ny tilnærming. Slik at ein forstår at nynorsk er nødvendig, ikkje tvang. Akkurat som at det var nødvendig for oss å danse eller lage musikk utan at nokon tvinga oss. Det var ein måte for oss å fortelje historier på.

Widerøe-nynorsk

Dette med å bli både kompis og fiende med Ivar Aasen er henta rett frå ein pitch for prosjektet. Det var nemleg ikkje berre greitt det han dreiv med, meiner Belinda. Ho samanliknar Aasens reise med sampling i hiphop; metoden som låner litt her og litt der frå andre sitt musikalske uttrykk for å skape noko nytt.

– Det er ein lånekultur, ein samlekultur – men ein del vil kalle det å appropriere. Det er ikkje uproblematisk å låne utan å seie takk, vise til kjelda, eller peike på det ambivalente i historia. Me må tore å dra nynorsk inn i framtida og utfordre han litt.

Ho peikar på at Ivar Aasen ikkje kom seg til absolutt heile Noreg.
– Kva kunne nynorsk vorte, viss Aasen hadde teke eit Widerøe-fly oppover til Finnmark eller linje 5 inn i Groruddalen? Eg er sikker på at det hadde vorte noko heilt anna!

Ein fresh type

– Eg trur ikkje eg har møtt eit einaste menneske som seier dei hadde ei dritlett ungdomstid, anten dei kom frå vestkanten eller austkanten, frå Bergen eller Alta. Det er skummelt for alle å leite etter ein identitet, seier Belinda.

Til liks med resten av gruppa gler ho seg til å møte ungdommar på turnévegen, og håpar å få til ei interaktiv oppleving med samtalar i fokus.

– Eg føler at når ein er tenåring, så eksisterer berre den vesle verda du er i, seier Reno. – Det hadde vore fint å bryte den bobla, sånn at dei forstår at det finst litt meir der ute og menneske som kjenner på akkurat det same som deg.

Skuespillere skriker på scenen.

Hybrid-Sample-mennesket. Seanse. Foto: Eirik Brenne Torsethaugen.

– Og så hadde det jo vore feitt å få ungdom til å synast nynorsk er litt interessant, då! Slik har det vorte for meg, seier Albertine med eit smil.

– Me håpar at me kan inspirere til forståing ved å vise både nynorsk og hiphop i ny drakt, seier Belinda. – Kanskje kan dei kjenne igjen krafta til begge, og tenkje «Ivar Aasen, ass! Freeesh type!»

– Det er positivt at desse dialektane vart samla. Fleire folks stemmer vart høyrde og fleire identitetar vart synlege, seier Charlotte.

– Og Aasen kan jo umogleg ha vore så konservativ som han ser ut? skyt Peter inn.

– Absolutt ikkje! Han kom frå ein låg klasse, utanfor borgarskapet, og identifiserte seg vel verken med eliten eller akademia, forklarer Belinda.
– Han snakka rart og vart ledd av, men likevel gjennomførte han prosjektet sitt. Sånn er det i hiphop òg – det å tore å halde fram med prosjektet sitt, kjempe for noko større og ha trua på at å stå saman gjer oss sterkare.

Toppbilde: Hybrid-Sample-mennesket. Seanse. Foto: Eirik Brenne Torsethaugen

I 2021 ER DET 20 ÅR siden Den kulturelle skolesekken (DKS) ble en nasjonal ordning. Derfor har vi invitert en rekke bidragsytere til å dele sine erfaringer, refleksjoner og historier om verdens beste ordning for kunst- og kulturformidling til barn og ungdom.